Referat fra Møtereferat frå møte i prosjektet Spell-Norwegian. Møtet tok stad på #spell-norwegian 2006-02-06 18:00 CET. Formalitetar * Moderator: Petter Reinholdtsen * Loggsamlar: Håvard Korsvoll * Referent: Håvard Korsvoll * Til stades: Petter Reinholdtsen og Håvard Korsvoll Referat Denne agendaen blei diskutert: 1. Sende ut ei pressemelding om prosjektet 2. Informasjon om ordklassar 3. Synonymordlista 4. Bygging av stavekontrollen 1. Pressemelding Det finst ein kladd av pressemeldinga på web[1]. Vi diskuterte om ho er god nok slik at journalistar vil skrive om oss. Håvard meinte vi bør vinkle det meir mot OpenOffice.org[2] sidan det har meir gjennomslagskraft enn fri programvare generelt. 1. http://no.speling.org/pressemelding-2006-01-29.txt 2. http://wiki.debian.org/OpenOffice Håvard påpeika at det er mange som synes kvaliteten på stavekontrollen i dag er for dårleg. Men vi veit ikkje om nokon undersøkingar som kan underbyggje denne påstanden. Vi kan iallefall skrive at vi no har høve til å betre stavekontrollen i OpenOffice.org. Petter vil gjerne at vi avsluttar pressemeldinga med eit sitat frå nokon i prosjektet. Pressemeldinga slik ho er no avsluttar noko brått. 2. Informasjon om ordklassar * Vi samlar informasjonen om formatet både for nynorsk og bokmål på ei side. * Vi avklarer kva ord vi brukar for bøyingsformer. Vi brukar bokmålsorda (entall, flertall, bestemt, ubestemt osb.) * Den øvste tabellen må få inn ei tredje kolonne som inneheld bøyingsregel (CONJUGATION-RULE). Her skal f1/m1/m2/m3/n1/n2/n3 setjast inn. * Feltet CONJUGATION-RULE må dokumenterast betre og referere til tabellane over. Feltet skal også innhalde referanse til ei regelsamling. Men det kan godt vere den regelsamlinga som vi bygger opp i dokumentet. 3. Synonymordlista Det som er morosamt med synonymordlista er at i motsetning til Alf Hellevik si (m)ordliste så er dette faktisk ei mordliste over synony:-). * Petter har laga skript i Makefile som hentar ut synonym frå orddatabasen. Det er ikkje alt som fungerer 100% enno. * scriptet som genererer listen sjekker at alle ordene er akseptert i ordlisten før synonymet tas med. * Vi trur ikkje ord som står i SYNONYM-feltet blir lagt inn i databasen igjen. Det bør dei. Då må dei få STATUS: ? 4. Bygging av stavekontrollen * Petter har fått ein oversikt over kva som skjer under bygging av {i,a,my}spell-ordlister. * Vi har ikkje sett på korleis danskane gjer bygginga si. Vår bygging er basert på bygging frå fila norsk.words. Andre ting vi diskuterte Vi må få orden på postmottaket. Håvard skal prøve å få posten gjennom perl-blokker for handtering av e-post, slik at vi kan ta i mot Q-P post og kan levere posten inn i databasen med det teiknsettet vi ynskjer. Vi vil helst bruke UTF-8 på databasen. MIME-tools er eigna verktøy til slike ting. Neste møte Vi fann ut at det er nok med eitt møte i månaden. Vi har fast møtedag den første mandagen i månaden klokka 18.00 CET (eller GMT+0100 som Petter vil ha det). Neste møte blir då 6. mars. Håvard Korsvoll