Presentasjon om stavekontrollar i fri programvare: 1. Kva for stavekontrollar finst? SPELL Skrive i 1971 av Ralph Gorin. Den første stavekontrollen som var laga for å kontrollere stavinga i eit tekstdokument. Programmet var skrive i assembly for operativsystemet WAITS og blei omsett til ein del andre sære operativsystem som fanst på den tida. - "Computer Programs for Spelling Correction", by James L. Peterson, Springer-Verlag, Berlin, 1980, No. 96 in the series "Lecture Notes in Computer Science." Ispell (http://ficus-www.cs.ucla.edu/geoff/ispell.html) Ispell er etterkomaren av SPELL. I 1978 tok Bill Ackerman tak i SPELL og gjorde ein del endringar. Han gav det då namnet Ispell for «ITS version of spell». Grunnen var at han ikkje følt han berre kunne overta namnet til eit anna program. Sidan har det blitt heitande det. Ackerman gjorde også om på suffiks algoritmen. Geoff Kuenning som er de facto hovudutviklar av Ispell i dag, tok i 1987 tak i Ispell og utvikla programmet vidare til det vi kjenner i dag. Han krediterer faktisk ein nordmann (Ole Bjørn Hessen ved UIO) for alfatesting av Ispell og fleire forbetringar til programmet. Programmet er etterkvart kjent som «International Ispell». Geoff Kuenning gjorde det enklare for andre språk enn engelsk å lage ordlister til Ispell. Han gjorde også om på ein del av innmaten for å gjere det enklare å finne feil i koden. Det er svært mange andre som har bidrege til programmet. I dokumentasjonen til programmet er over 260 namn nemde for den innsatsen dei har gjort for Ispell. Geoff Kuenning var/er mest motivert av å lage stavekontroll for skriveprogrammet emacs. (Emacs er eit avansert og populært, både elska og hata, teksthandteringsprogram. Då teksthandtering i rette forstand av ordet.) Det gjer at Ispell fungerer svært bra saman med emacs. Ispell er no integrert som stavekontrollverktøy i mange program. Dei fleste linuxdistribusjonar har integrert Ispell i systemet det har vore det mest brukte stavekontrollverktøyet fram til no. Kva er Ispell? Ispell er ein rask stavekontroll som viser stavefeil i ei tekstfil eller ein tekstbolk. Viss det klarer å finne ord som liknar på det feilstava ordet så foreslår det mogelege rettingar. Ispell er i utgangspunktet eit kommandobasert program. Men det finst ei rekkje grenseflater som er laga for Ispell, både grafiske og terminalbaserte. Dessutan er det mange program som har implementert Ispell som stavekontrollmotor. Kva skal til for å lage ei ordliste for Ispell? Det enklaste er å ha ei liste med rettstava ord. Eitt ord på kvar linje. Denne lista må då innehalde alle ord, også samansette ord. Viss ein vil gjere det meir avansert, så kan ein lage ei affix-fil. Denne fila inneheld reglar for bøying og samansetjing av ord. Ein kan då lage ei ordliste som består av ordrøter og så heng ein på affix-kodar som fortel korleis ordet kan bøyast og brukast i ordsamansetjingar. Namn som er viktige for Ispell: Geoff Kuenning Ole Bjørn Hessen Pace Willisson Aspell (http://aspell.net) GNU Aspell er ein stavekontroll som er fri og basert på open kjeldekode. Det er meininga at han etterkvart skal erstatte Ispell. Den store føremona med aspell framom Ispell er at han er mykje flinkare til å kome med forslag for ord som er feilstava. Dette gjeld dessverre berre for engelsk. Men det er heller ikkje så viktig for norsk, sidan uttalen av ordet ligg mykje nærare opp til skrivemåten enn kva som er tilfelle på engelsk. I motsetning til Ispell kan Aspell enkelt utføre stavekontroll på dokument med UTF-8 som teiknkoding utan å bruke spesielle ordbøker. Aspell er også betre enn Ispell i eit fleirspråkleg oppsett, sidan det er lettare å bruke fleire ordbøker for stavekontrollen. MySpell (http://en.wikipedia.org/wiki/MySpell) MySpell blei starta av Kevin Hendricks for å integrere ulike stavekontrollar basert på open kjeldekode inn i OpenOffice.org. Med hjelp av Kevin Atkinson skreiv dei eit nytt stavekontrollprogram i C++ som støtta affix-komprimering basert på Ispell. MySpell blir også brukt i Mozilla Thunderbird og Mozilla Firefox, to svært program for lesing av e-post og surfing på verdsveven. Hunspell (http://hunspell.sourceforge.net/) Hunspell er eit bibliotek for stavekontroll og morfologisk analyse, laga for språk med ein rik morfologi og kompleks ordsamansetjing og/eller teiknkoding. Grenseflater for hunspell er ei terminalgrenseflate som liknar på Ispell, datastraumar på same måte som Ispell og ein UNO-modul for OpenOffice.org Kodegrunnlaget for hunspell kjem frå OpenOffice.org sin MySpell. Dei påstår at Hunspell skal no vere standard stavekontroll for OpenOffice.org. Hunspell kan bruke ordlister frå MySpell, så overgangen frå MySpell til Hunspell skal verre ganske grei. 1a. Korleis verkar desse stavekontrollane og kva er skilanden? 1b. Kva er status for norske stavekontrollar med desse verktøya? 1c. Kva for materiale trengst for å få gode norske stavekontrollar med desse verktøya? - regler for bøyningsmnster - enten - korrekt stavede ord som komprimeres til grunnord/bøyningsmnster eller - liste med grunnord/bøyningsmnster Vi bruker den første metoden. 2. Historie og bakgrunn får stavekontrollprosjektet - Rune Kvernland sine ordlister - Skulelinux ser behov for betre stavekontroll i OpenOffice og KDE - Speling.org, eit dansk prosjekt som vi har laga ei grein av. 3. Mål for prosjektet, ynskjer for framtida (http://www.sunsite.ualberta.ca/Documentation/Gnu/spell-1.0/spell.html)