Dette prosjektet har som mål å byggje norske ordlister som er fritt tilgjengelege for alle. Prosjektet tar utgangspunkt i Rune Kleveland sine ordlister som lenge har vore tilgjengelege og i bruk i fri programvare.
Vårt mål er gode, frie ordlister som alle kan bruka utan vederlag eller bruksavgrensingar på alle plattformer. Derfor vert ordlistene gjevne ut under lisensen «GNU public license». Han gjer det lov å forbetra ordlista eller leggja ho inn i ditt eige program, men om du gjer ei endring, må også denne vere like fri som originalen – mellom anna er det eit krav at kjeldekoden skal offentleggjerast (open kjeldekode).
Resultatet blir førebels lagt ut dagleg på nett for bokmål og nynorsk.
Systemet vi brukar er i hovudsak utvikla av Jacob Sparre Andersen i samband med lokaliseringsarbeidet til SSLUG (Skåne Sjælland Linux User Group).
Viss du vil vere med og bidra kan du sende ein e-post til «korsvoll<alfakrøll>skulelinux.no». Du må oppgje kor mange ord du vil ha tilsendt kvar dag. Du kan også setje opp at du får fleire eller færre ord enkelte dagar i veka. Du vil då få ein e-post kvar dag som inneheld eit tilfeldig utval av dei orda som er i ordlista. Kvart ord har nokre tilhøyrande felt som du kan velje å fylle ut. Dette kan sjå omlag slik ut (for bokmål):
WORD: miljøvern STATUS: ? COMPOSITE-WORD: miljøvern CORRECTION: miljøvern EDITOR: Ola Normann <ola@normann.no>
Du må då fylle ut desse felta i samsvar med det som står på sida om filformatet. Du trengjer berre trykkje på svar-knappen og redigere e-posten slik han er. Du treng ikkje fjerne siteringsteikn som «>».
Du er ikkje nøydd til å fylle ut alle felta, eit minimumskrav er felta: WORD, STATUS og EDITOR.
Om du ikkje kan fylle ut alle kan du be om å få tilsendt færre felt. Oppgje då dette i e-posten du sender.
Hugs å ha mellomrom mellom kolon og teksten du skriv i feltet. Når det er ferdig utfylt kan det sjå ut omlag som dette:
> WORD: miljøvernet > STATUS: + > ROOT: miljøvern > COMPOSITE-WORD: miljø=vernet > EDITOR: Ola Normann <ola@normann.no>
Feltet CORRECTION trengst berre om ordet er feil, men det gjer ingenting om feltet er med sjølv om ordet er rett stava. Legg gjerne til feltet «ROOT: », som over, altså grunnstamma til ordet.
Noverande planar:
WORD: nytt_ord STATUS: ? EDITOR: Ola Normann <ola@normann.no>Erstatt «nytt_ord» med eit ord som manglar, du treng ei slik blokk for kvart nytt ord, og ola@norman.no med ditt namn, gjerne også di e-postadresse, så vi veit kor ordet kjem frå.
For å få konto på tyge, så sendes en forespørsel til admin at tyge.sslug.dk. Følgende info må være med: