1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66
67
68
69
70
71
72
73
74
75
76
77
78
79
80
81
82
83
84
85
86
87
88
89
90
91
92
93
94
95
96
97
98
99
100
101
102
103
104
105
106
107
108
109
110
111
112
113
114
115
116
117
118
119
120
121
122
123
124
125
126
127
|
Presentasjon om stavekontrollar i fri programvare:
1. Kva for stavekontrollar finst?
SPELL
Skrive i 1971 av Ralph Gorin. Den første stavekontrollen som var laga for å
kontrollere stavinga i eit tekstdokument. Programmet var skrive i assembly for
operativsystemet WAITS og blei omsett til ein del andre sære operativsystem som
fanst på den tida.
- "Computer Programs for Spelling Correction",
by James L. Peterson, Springer-Verlag, Berlin, 1980, No. 96 in
the series "Lecture Notes in Computer Science."
Ispell (http://ficus-www.cs.ucla.edu/geoff/ispell.html)
Ispell er etterkomaren av SPELL. I 1978 tok Bill Ackerman tak i SPELL og
gjorde ein del endringar. Han gav det då namnet Ispell for «ITS version of
spell». Grunnen var at han ikkje følt han berre kunne overta namnet til eit anna
program. Sidan har det blitt heitande det. Ackerman gjorde også om på suffiks
algoritmen.
Geoff Kuenning som er de facto hovudutviklar av Ispell i dag, tok i 1987 tak i
Ispell og utvikla programmet vidare til det vi kjenner i dag. Han krediterer
faktisk ein nordmann (Ole Bjørn Hessen ved UIO) for alfatesting av Ispell og
fleire forbetringar til programmet. Programmet er etterkvart kjent som
«International Ispell».
Geoff Kuenning gjorde det enklare for andre språk enn engelsk å lage ordlister
til Ispell. Han gjorde også om på ein del av innmaten for å gjere det enklare å
finne feil i koden. Det er svært mange andre som har bidrege til programmet. I
dokumentasjonen til programmet er over 260 namn nemde for den innsatsen dei har
gjort for Ispell.
Geoff Kuenning var/er mest motivert av å lage stavekontroll for
skriveprogrammet emacs. (Emacs er eit avansert og populært, både elska og hata,
teksthandteringsprogram. Då teksthandtering i rette forstand av ordet.) Det gjer
at Ispell fungerer svært bra saman med emacs.
Ispell er no integrert som stavekontrollverktøy i mange program. Dei fleste
linuxdistribusjonar har integrert Ispell i systemet det har vore det mest
brukte stavekontrollverktøyet fram til no.
Kva er Ispell?
Ispell er ein rask stavekontroll som viser stavefeil i ei tekstfil eller ein
tekstbolk. Viss det klarer å finne ord som liknar på det feilstava ordet så
foreslår det mogelege rettingar.
Ispell er i utgangspunktet eit kommandobasert program. Men det finst ei rekkje
grenseflater som er laga for Ispell, både grafiske og terminalbaserte. Dessutan
er det mange program som har implementert Ispell som stavekontrollmotor.
Kva skal til for å lage ei ordliste for Ispell?
Det enklaste er å ha ei liste med rettstava ord. Eitt ord på kvar linje.
Denne lista må då innehalde alle ord, også samansette ord.
Viss ein vil gjere det meir avansert, så kan ein lage ei affix-fil. Denne
fila inneheld reglar for bøying og samansetjing av ord. Ein kan då lage ei
ordliste som består av ordrøter og så heng ein på affix-kodar som fortel
korleis ordet kan bøyast og brukast i ordsamansetjingar.
Namn som er viktige for Ispell:
Geoff Kuenning
Ole Bjørn Hessen
Pace Willisson
Aspell (http://aspell.net)
GNU Aspell er ein stavekontroll som er fri og basert på open kjeldekode. Det
er meininga at han etterkvart skal erstatte Ispell. Den store føremona med
aspell framom Ispell er at han er mykje flinkare til å kome med forslag for ord
som er feilstava. Dette gjeld dessverre berre for engelsk. Men det er heller
ikkje så viktig for norsk, sidan uttalen av ordet ligg mykje nærare opp til
skrivemåten enn kva som er tilfelle på engelsk.
I motsetning til Ispell kan Aspell enkelt utføre stavekontroll på dokument
med UTF-8 som teiknkoding utan å bruke spesielle ordbøker. Aspell er også betre
enn Ispell i eit fleirspråkleg oppsett, sidan det er lettare å bruke fleire
ordbøker for stavekontrollen.
MySpell (http://en.wikipedia.org/wiki/MySpell)
MySpell blei starta av Kevin Hendricks for å integrere ulike
stavekontrollar basert på open kjeldekode inn i OpenOffice.org. Med hjelp av
Kevin Atkinson skreiv dei eit nytt stavekontrollprogram i C++ som støtta
affix-komprimering basert på Ispell.
MySpell blir også brukt i Mozilla Thunderbird og Mozilla Firefox, to svært
program for lesing av e-post og surfing på verdsveven.
Hunspell (http://hunspell.sourceforge.net/)
Hunspell er eit bibliotek for stavekontroll og morfologisk analyse, laga for
språk med ein rik morfologi og kompleks ordsamansetjing og/eller teiknkoding.
Grenseflater for hunspell er ei terminalgrenseflate som liknar på Ispell,
datastraumar på same måte som Ispell og ein UNO-modul for OpenOffice.org
Kodegrunnlaget for hunspell kjem frå OpenOffice.org sin MySpell. Dei påstår
at Hunspell skal no vere standard stavekontroll for OpenOffice.org.
Hunspell kan bruke ordlister frå MySpell, så overgangen frå MySpell til
Hunspell skal verre ganske grei.
1a. Korleis verkar desse stavekontrollane og kva er skilanden?
1b. Kva er status for norske stavekontrollar med desse verktøya?
1c. Kva for materiale trengst for å få gode norske stavekontrollar
med desse verktøya?
- regler for bøyningsmnster
- enten
- korrekt stavede ord som komprimeres til grunnord/bøyningsmnster
eller
- liste med grunnord/bøyningsmnster
Vi bruker den første metoden.
2. Historie og bakgrunn får stavekontrollprosjektet
- Rune Kvernland sine ordlister
- Skulelinux ser behov for betre stavekontroll i OpenOffice og KDE
- Speling.org, eit dansk prosjekt som vi har laga ei grein av.
3. Mål for prosjektet, ynskjer for framtida
(http://www.sunsite.ualberta.ca/Documentation/Gnu/spell-1.0/spell.html)
|